fredag 13. mai 2011

Kreativ taksonomi

Eit arbeidskrav me skal skrive handlar om kreativ taksonomi. Først litt enkel teori om taksonomi generelt: Taksonomi er ein måte å rangere noko på. Tenk på at takstmannen takserar huset ditt. På same måte kan ein taksere t.d. kunnskap, ferdigheiter og haldningar. I skulen er den vanlegaste taksonomien kunnskap, og etter ein modell som heiter Blooms taksonomi. Den tek utgangspunkt i at ein har 6 stadier av måten å «bruke» kunnskap på. Det er på mange måtar lett å sjå at denne taksonomien er utgangspunktet for karakterskalaen 1-6. For å illustrere har eg funne denne oppstillinga::


Her er altså nokon kriteriar for å vurdere kvar i taksonomien t.d. ein elev hamnar. Dersom eleven kan samanlikne kunnskapen med noko anna, men ikkje kombinere den kunnskapen med anna kunnskap, så høyrer eleven til på nivå 4. Dette kan altså vere eit nyttig hjelpemiddel i vurdering...

... iallefall når ein snakkar om måling av rein fagleg kunnskap! No fins det som nemnd fleire andre taksonomiar, men eg har ikkje funne ein taksonomi for kreativitet! Så då vel eg å lage ein.

Så eg vil her få presentere min eigen modell for vurdering av kreativitetsmål: torgisonomien.



Forklaringa er enkel: tenker du inne i boksa, er du ikkje kreativ. Tenker du utanfor boksa er du kreativ. Det er poenglaust å sette noko nivå på tenking utanfor boksa, derfor er det ikkje eit nivå «1», berre «0».
Kva som definerar nøyaktig kva boksa består av, blir ein heil anna diskusjon.

2 kommentarer:

  1. Jeg må innrømme at jeg har sansen for løsningen din på denne taksonomien, den er kreativ i seg selv og veldig forklarende, det eneste er at det får kreativiteten til å virke som noe man har eller ikke. Det vil være litt forskjellige nivåer men fortsatt syns jeg ideen din er en fin løsning :)

    SvarSlett
  2. Dette var i verfall ein "kreativ" taksonomi. Men eg har litt problemer med å bruke den til å setje karakter…

    Om to personar er fanga i eit fengsel og vil rømme derifrå og den eine personen seier:

    Vi kan grave ein tunnel under fengselsmuren.

    mens den andre personen seier:

    Vi kan grave en tunnel.
    Vi kan fire oss ut av eit vindu med laken.
    Vi kan gøyme oss i søppelkonteinaren når den blir henta.
    Vi kan lage heimelaga eksplosivar, og sprenge oss ut.
    Vi kan kle oss ut som fengselsvakter og gå ut.
    etc. etc.

    Er då den eine personen meir kreativ enn den andre som berre såg ein utveg?

    Eg stiller berre eit retorisk spørsmål her… eg er enig i at det er vanskeleg å måle kreativitet. Men elevane må få ei slags forklaring på kvifor ein får karakteren 3 og ein får karakteren 6. Og når det kjem til å bedømme eit foto eller teikning, så er det svært vanskeleg å unngå synsing, eller subjektive meiningar. Læraren sin smak skal ikkje påverke eleven sitt karaktergrunnlag, så på mange måtar er eg enig i Torgisonomien.

    SvarSlett