onsdag 13. april 2011

Kva skal til for at elevbedrift som metode skal fungere på MK?

Sjølv har eg ikkje noko erfaring med denne typen undervisning. Tilnærminga mi til dette stoffet vert dels via praksisoppsummering frå medelevar som opplevde elevbedrift i praksisen, dels pensumbøker og dels tankar frå diskusjonen på samlinga.

Dette innlegget skal ikkje utforske kva læringsprosessar som finn stad, men fokusere på korleis opplegget, i grove trekk, skal planleggast og gjennomførast. Ei heller vil innlegget prøve å gi noko svar på kva som må til for å gjere metoden pedagogisk forankra eller om metoden, saman med politiske mål om entreprenørskap (frå L-97), har ein plass i den norske skulen.

Når det står at "metode skal fungere" i overskrifta, seier Ødegård (2003:22) at målet er "å skape en holdning hos elevene som setter dem i stand til å handle entreprenørielt". Ho lister opp nokon personlege eigenskapar og evner som er ein del av dette: sjølvtillit, prestasjonsmotivasjon, kreativ evne og sosial evne, evne til å ta ansvar for seg sjølv og andre, intuisjon og vilje og mot til å ta risiko.

Når bloggoppgåva er å vise korleis dette skal fungere som metode, vel eg å ta utgangspunkt i eit tverrfagleg opplegg, der ein jobbar i intensive blokkar. Frå mi eiga erfaring i praksis viser det seg at elevane yter best når ein kan fokusere på eit prosjekt om gongen. Eit pedagogisk verkemiddel eg ville teke i bruk er å sette saman grupper, og fokusere på å få grupper som har nokonlunde like forutsetningar for å lykkast, basert på den eigenskapane eg lista opp. Det er nok ikkje slik at mange er i besittelse av alle desse, iallefall ikkje i storleiken som ein treng for å få ei elevbedrift til å fungere.

Det er viktig at opplegget rundt elevbedrifta knyter seg til næringslivet, og gjerne til eit næringsliv i lokalmiljøet. "Barn og unges erfaringsfelt finnes i hovedsak i det lokalsamfunnet deres skole er en del av" (Ødegård, 2003:129), og dette erfaringsfeltet kan hjelpe eleven til å fokusere på andre sider ved prosjektet enn ein ville gjort dersom ein ikkje hadde noko kunnskap til bransjen det skulle jobbast innanfor. Eit anna perspektiv Ødegård peikar på er den Dewey-pedagogiske virkningen av å benytte lokalmiljøet: "...det eleven gjør i undervisningssituasjonen, skal representere en forlengelse av de erfaringer hun bringer med seg fra livet utenfor skolen". Dette skal eg ikkje utdjupe meir, då det blir litt på sida av oppgåva mi.

Som lærar ser eg det som mi oppgåve å vegleie. Det er viktig at elevbedrifta ikkje vert begrensa av læraren sin (mangel på) kunnskap. Eit godt redskap her er Den sokratiske dialogen (Ødegård, 2003: 76). Denne teknikken handlar om å hjelpe eleven til å finne fram kunnskap eleven ikkje visste at han/ho hadde, og er nært knytta til omgrep som Bruners stillasbygging (Imsen, 2003:113) og Bakhtins dialogisme (Ødegård: 2003: 76).

Med tanke på min teoretiske tilnærming til problemstillinga, er det nok fleire utfordringar å støte på. Men dersom eg dreg inn den didaktiske relasjonsmodellen og MAKIS-modellen, antek eg at eg kunne planlagd eit fagleg og pedagogisk forankra opplegg med basis i dei punkta eg har gått igjennom her.

Kjelder:
Gunn Imsen (2003) Elevens verden. Oslo: Universitetsforlaget 
Ingen Karin Røe Ødegård (2003) Læreprosesser i pedagogisk entreprenørskap. Kristiansand S.: Høyskoleforlaget