laurdag 21. august 2010

Blogger vs WordPress

Å velge bloggmotor er ein tilbakevendande risikosport. Frå min eigen blogg på www.torgis.net har eg vorte vand med WordPress, eit publiseringssystem som er enkelt og svært konfigurerbart. Det ligg óg lokalt på min eigen serverplass, så eg har full kontroll over filene. Men i samanheng med skulefaget har eg børsta støv av Blogger-kontoen min og sett litt meir på dette alternativet.

Kvifor to bloggar i utgangspunket, spør du? Frå skulen si side var det eit ønske om å bruke ein felles motor for bloggane, for å gjere det enkelt dersom nokon ikkje hadde mykje erfaring frå før. Eg fekk valet om å bruke ein "heimelaga" blogg, men eg valde Blogger av hovedsaklig ein grunn: For å skilje privat-Torgeir og pedagog-Torgeir. Målet er at studiebloggen etterkvart skal bli ein aktiv fagblogg. Etter å ha leika litt rundt på Blogger, har eg kome opp med følgande pro'n'con-liste når det gjeld dette alternativet (stort sett samanlikna med WordPress:

Pluss:Minus:
Trenger ikkje eigen serverplassDårlig utval i tilleggsmodular
Enkelt å sette oppManglar nokon "nødvendige" bloggfunksjonar, som backup
Trygge valVanskelig å innstallere sjølvlaga temaer
Konfigurerbart om ein er kyndig med programmeringsspråket HTML

Det eg sakna mest er ein enkel backupfunksjon, iallefall på ein blogg som kanskje blir ein del av eksamenen min! I tillegg ville eg finne ut korleis muligheitene mine var for å flytte bloggen min seinare, men behalde postane mine. Og til slutt ville eg ha moglegheit for å bruke Google Analytics, ei gratis tjeneste som gir informasjon om trafikk til bloggen min. Heldigvis held Google på mottoet sitt "Don't be evil" og legg ikke hinder i vegen for dei tinga eg mangla, men dei kunne godt ha gjort det meir smidig.

Først ut var backup og her fins det litt forskjellige metodar. Tre metodar er lista på denne bloggen, og det står óg korleis ein tek vare på temaet sitt, dersom ein har gjort endringar der. Det er nok alternativ nr. 2 som fristar mest å bruke, men eg saknar at ein kan gjere backup til ei anna nett-tjeneste, som t.d. Google Documents. Det ser heller ikkje ut som om kommentara vert lagra i backupen, men eg har ikkje verifisert dette endå. Eit anna, tilsynelatande bra, alternativ er Blogger Backup, men også dette er uprøvd. Beskrivelsen fortel iallefall at denne tek kommentarar også, men fortsatt må ein lagre fila lokalt. Her kan ein sikre seg ekstra ved å t.d. lagre fila rett i Dropbox eller laste den opp til Google Documents.

Neste sjekk ut var flytting (migrering) og dette er hakket verre. Om ein ikkje flyttar til Wordpress, då. WordPress kjem med ein eigen funksjon for å importere postar frå Blogger. No skal det seiast at den ikkje importerar media frå Blogger, som t.d. bilder i postane. Men det er likevel enklare enn å skulle flytte postane manuelt.

Og til slutt: analyseverktøy som t.d. Google Analytics. For mange er dette førstevalet når det gjeld trafikkanalyse, og er nok litt blogg-nerdete å rekne. Men siktar du mot å bli ein godt lest blogg, så er slike verktøy kjekke å ha. Google Analytics er avansert og (sjølvsagt) heilt gratis. Desverre har ikkje Blogger valt å lage ein ferdiglaga modul for dette, men det er likevel ikkje vanskelig å ordne sjølv. Her er oppskrifta.

Oppsummeringa må bli at Blogger held mål som bloggmotor, men har ein tilgang på eigen serverplass er nok WordPress både kraftigare, enklare og gir fleire muligheiter. Eg kjem likevel til å halde på Blogger som motor for denne bloggen, så vil tida vise om Google finn det bryet verdt å fikse på dei små tinga som fortsatt irriterar.

torsdag 19. august 2010

Kvifor denne bloggen?

Velkommen til studiebloggen min, som óg er arbeidskravet mitt i faget praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Høgskulen i Volda. For å fortelle litt om bloggen min, føles det passande å bruke fagdidaktikkens klassiske spørsmål:

  • Kvifor
  • Kva
  • Korleis
Kvifor er enkelt: det er eit arbeidskrav. I tillegg er det ein god måte å reflektere over pensum og få innspel på.

Kva du kan finne her, er litt verre. Vi skal få oppgåver å fylle ut bloggen min, og medstudentar skal skrive respons til dei oppgåvene. Men bloggen vert mykje bedre og heilheitleg dersom eg fyller den med anna relevant stoff også. Det kan være utvikling innan teknologiske hjelpemiddel for undervisning, statistikkar som fortel noko om skule-Noreg eller eigenproduserte produkt-testar av programvare som kan hjelpe godt til i undervisninga eller på annan måte er spennande for ein (soon to be) lærar.

Korleis eg vil fylle bloggen har eg svart litt på allereide: Oppgåver frå skulen. Ellers abonnerar eg på mange nyheitsstraumer som handlar om vår digitale kvardag, så eg håpar at eg der kan snappe opp tips og innfallsvinklar som kjem til nytte i undervisninga.