onsdag 29. september 2010

Netvibes

Netvibes.com er ein portal for å lage informasjonsnav, og dette er eit arbeidskrav for oss. Ideen bak dette navet er at me skal velge oss ut ei grein innan MK som me skal sette opp eit nav for. Her er mitt (litt stusselige) nav: http://www.netvibes.com/ppunav

Grunnen til at det ikkje har så mykje innhald endå er rett og slett av eg prøvar å få Yahoo Pipes til å fungere skikkelig, og det gjer det ikkje! Så når eg har fått litt hjelp frå faglæraren som anbefalte Pipes for å fylle navet med dynamisk informasjon, skal det nok dukke opp litt meir ting.

=========
Oppdatering
Då er det i rettferdigheita sitt navn på plass med ei korrigering: Yahoo Pipes 1 - Unge Lovande 0.

Pipes er noko meir komplisert enn eg først antok det for å være. No fekk eg nyhendestraumen til å fungere slik eg vil, og navet mitt er vesentlig meir oppdatert. Beklagar rotet, men tradisjons tru så burde eg ha posta og klaga for lenge sidan, for ein finn som regel svaret rett etter at ein har trykt på "publiser"-knappen.

måndag 27. september 2010

IKT-bruk under observasjonspraksisen

Eit arbeidskrav vi har fått i fagdidaktikken er å fortelje korleis klassene brukte IKT i undervisninga. Problemet mitt er at ingen av klassene eg observerte var i eit stadium av undervisninga der dei skulle bruke IKT av noko slag. Heller ikkje som undervisningsform vart IKT brukt; her gjekk alt på tavla.

Eg observerte i matte- og naturfagtimar, og på spørsmål om IKT-bruk, svara øvingslæraren vår at dei tek i bruk IKT i matte-faget, med bl.a. opplæring og bruk i rekneark. Men observasjonspraksisen vart gjennomført på ein ungdomskule, så ein kan tenke seg at ein skule med meir ressursar, både økonomisk og kompetanse, hadde baka meir IKT inn i undervisninga. Dette vert nok mest synsing frå mi side, men IKT var heilt klart ikkje eit prioritert område i dei to faga eg fekk ta del i.

onsdag 1. september 2010

Den nye mediebrukaren (arbeidskrav #1)

Det første arbeidskravet vi har fått er formulert slik: "Gjer greie for korleis unge brukar medium i dag". Definisjonen av "unge" er ikkje lett å sette, forskjellige undersøkelsar og publikasjonar opererar med forskjellige aldersbolkar. Men i forhold til faget, er det nok aktuelt å sjå på mediebruken til elevar frå grunnskulen og opp til vidaregåande nivå.

Generasjon M ("Generation M: Media in the Lives of 8-18 year olds") er namnet på ei stor undersøking som ble gjort i 2005. Ingunn Hagen og Thomas Wold brukar denne i boka si "Mediegenerasjonen" (2009), og kan overraskande nok fortelje oss at TV fortsatt er det største mediet. I mangel på nyare tal, får vi anta at det fortsatt stemmer. I 2005 fann dei ut at segmentet brukte 6,5 timar dagleg på media (Hagen, Wold, s. 14). Unge i medietidsalderen er nok like opptatt av andre fritidssyslar som tidlegare år, bl.a. så kan vi lese i "En digital barndom?" (Endestad et.al. 2004, samandrag s.8) at "Undersøkelsen finner liten støtte for påstandene om at nye medier fortrenger andre aktiviteter som ballspill, utelek eller sportsaktiviteter". Så betyr dette at unge brukar lik mengde tid på medier som før? Ja, det kan dei takka være mediesjonglering.

Mediesjonglering er eit begrep som Hagen og Wold brukar for å forklare ein komprimering av medieopplevelsar. Dei kan fortelje at dei 6,5 timane som vart referert til tidlegare eigentleg er 8,5 timar med medieinnhald (Hagen/Wold, 2009 s. 15). Ein bruker altså fleire medium samtidig, t.d. TV, internett og ein musikkavspelar. Denne tendensen/eigenskapen kan det tenkast at ein opplever i skulen óg, men då kanskje som opphav til frustrasjon fordi læraren ikkje verdset dette og vil ha "full fokus" på tavla. Eg manglar data på kor vidt mediesjonglering i skulen førekjem og kor vidt dette er eit problem, men alle som har hatt med seg ei datamaskin på ei uinspirerande forelesning veit nok at multitasking ser best ut på papiret...


Medieteknologien vert brukt svært forskjellig. Endestad deler opp bruken slik vi ser i diagrammet til høgre. Dei nytteorienterte nyttar medieteknologiane instrumentelt, som et verktøy. Informasjonsinnsamling, skulearbeid og epost er eksempel på slikt. Denne gruppa ser mindre TV enn dei andre gruppene.
Teknologiorienterte er dei høgkompetente databrukarane og samtidig den minste grunna. Avansert bildebehandling, koding av programvare og musikk er noko av aktivitetane til denne gruppa. Har flest nye medier "på rommet". 
Dei underhaldningsorienterte er så vidt den nest største grunna og desse brukar tida mest til å spele spel. Artikkelen seier her "TV-spel", men eg mistenker at det også er PC-spel det er snakk om.
Og til slutt den desidert største gruppa uinteresserte som i liten grad nyttar nye medieteknologiar. Denne gruppa vert frå mange hold også beskriven som "dei reserverte" som behandlar medieteknologien mest som nytteverktøy, og stiller seg sjølv spørsmålet "kva kan denne nye teknologien gjere for meg?". Alle tal og definisjonar er henta frå Endestad et.al "En digital barndom?".


PC-bruken tek Leila Torgersen for seg i rapporten "Ungdoms digitale hverdag" frå 2004. Undersøkinga som er brukt av Torgersen er norsk og er besvart av 12.000 elevar på ungomskule- og vidaregåandenivå. Her ser vi at gutar fortsatt er ledande når det gjeld å bruke PC utanom skuletid med 95% mot jentene sine 88%. Og til tross for at 95% av alle spurde hadde PC, oppga knapt halvparten av gutane at dei var daglege brukarar (54%), mens berre 26% av jentene ville beskrive seg sjølv slik. Torgersen kan også fortelje at den mest populære PC-bruken var å finne informasjon på internett. Data er henta frå Torgersen "Ungdoms digitale hverdag", s. 7 i samandraget.

Oppsummeringa kan fortelje oss litt om kva vi som lærarar kan forvente oss frå elevar i dag og i åra som kjem, og kva vi bør kreve av oss sjølve. Om vi skal spekulere litt med dei data vi har, kan vi seie at dei unge er datavande, men i stor grad er bruken knytt til funksjon og ikkje leik (t.d. dataspel). Dei vil ikkje i stor grad kreve at skulen/læraren tek i bruk dei nyaste medieteknologiane, men ha god nytte av å bruke velprøvde og etablerte løysingar. På den andre sida må skulen og læraren ha ein klar politikk som avgrensar PC- og mobilbruken i undervisningstimar for å sikre at elevane har fokus på det faglege.

Kilder:
Endestad et.al. (2004)  En digital barndom? http://www.nova.no/asset/274/2/274_2.pdf
Ingunn Hansen og Thomas Wold (2009) Mediegenerasjonen. Oslo: Det Norske Samlaget
Leila Torgersen (2004) Ungdoms digitale hverdag  http://www.nova.no/asset/93/2/93_2.pdf