onsdag 13. april 2011

Kva skal til for at elevbedrift som metode skal fungere på MK?

Sjølv har eg ikkje noko erfaring med denne typen undervisning. Tilnærminga mi til dette stoffet vert dels via praksisoppsummering frå medelevar som opplevde elevbedrift i praksisen, dels pensumbøker og dels tankar frå diskusjonen på samlinga.

Dette innlegget skal ikkje utforske kva læringsprosessar som finn stad, men fokusere på korleis opplegget, i grove trekk, skal planleggast og gjennomførast. Ei heller vil innlegget prøve å gi noko svar på kva som må til for å gjere metoden pedagogisk forankra eller om metoden, saman med politiske mål om entreprenørskap (frå L-97), har ein plass i den norske skulen.

Når det står at "metode skal fungere" i overskrifta, seier Ødegård (2003:22) at målet er "å skape en holdning hos elevene som setter dem i stand til å handle entreprenørielt". Ho lister opp nokon personlege eigenskapar og evner som er ein del av dette: sjølvtillit, prestasjonsmotivasjon, kreativ evne og sosial evne, evne til å ta ansvar for seg sjølv og andre, intuisjon og vilje og mot til å ta risiko.

Når bloggoppgåva er å vise korleis dette skal fungere som metode, vel eg å ta utgangspunkt i eit tverrfagleg opplegg, der ein jobbar i intensive blokkar. Frå mi eiga erfaring i praksis viser det seg at elevane yter best når ein kan fokusere på eit prosjekt om gongen. Eit pedagogisk verkemiddel eg ville teke i bruk er å sette saman grupper, og fokusere på å få grupper som har nokonlunde like forutsetningar for å lykkast, basert på den eigenskapane eg lista opp. Det er nok ikkje slik at mange er i besittelse av alle desse, iallefall ikkje i storleiken som ein treng for å få ei elevbedrift til å fungere.

Det er viktig at opplegget rundt elevbedrifta knyter seg til næringslivet, og gjerne til eit næringsliv i lokalmiljøet. "Barn og unges erfaringsfelt finnes i hovedsak i det lokalsamfunnet deres skole er en del av" (Ødegård, 2003:129), og dette erfaringsfeltet kan hjelpe eleven til å fokusere på andre sider ved prosjektet enn ein ville gjort dersom ein ikkje hadde noko kunnskap til bransjen det skulle jobbast innanfor. Eit anna perspektiv Ødegård peikar på er den Dewey-pedagogiske virkningen av å benytte lokalmiljøet: "...det eleven gjør i undervisningssituasjonen, skal representere en forlengelse av de erfaringer hun bringer med seg fra livet utenfor skolen". Dette skal eg ikkje utdjupe meir, då det blir litt på sida av oppgåva mi.

Som lærar ser eg det som mi oppgåve å vegleie. Det er viktig at elevbedrifta ikkje vert begrensa av læraren sin (mangel på) kunnskap. Eit godt redskap her er Den sokratiske dialogen (Ødegård, 2003: 76). Denne teknikken handlar om å hjelpe eleven til å finne fram kunnskap eleven ikkje visste at han/ho hadde, og er nært knytta til omgrep som Bruners stillasbygging (Imsen, 2003:113) og Bakhtins dialogisme (Ødegård: 2003: 76).

Med tanke på min teoretiske tilnærming til problemstillinga, er det nok fleire utfordringar å støte på. Men dersom eg dreg inn den didaktiske relasjonsmodellen og MAKIS-modellen, antek eg at eg kunne planlagd eit fagleg og pedagogisk forankra opplegg med basis i dei punkta eg har gått igjennom her.

Kjelder:
Gunn Imsen (2003) Elevens verden. Oslo: Universitetsforlaget 
Ingen Karin Røe Ødegård (2003) Læreprosesser i pedagogisk entreprenørskap. Kristiansand S.: Høyskoleforlaget

1 kommentar:

  1. Eg beit meg mest merke i det du skreiv

    Når bloggoppgåva er å vise korleis dette skal fungere som metode, vel eg å ta utgangspunkt i eit tverrfagleg opplegg, der ein jobbar i intensive blokkar. Frå mi eiga erfaring i praksis viser det seg at elevane yter best når ein kan fokusere på eit prosjekt om gongen. Eit pedagogisk verkemiddel eg ville teke i bruk er å sette saman grupper, og fokusere på å få grupper som har nokonlunde like forutsetningar for å lykkast…

    Då eg var inne i mi andre praksisperiode, fekk eg observere ei stort prosjekt bli gjennomført. Ein Musikal.

    Eg er veldig enig i at ein bør kjøre slike prosjekt i intensive blokkar. Slik dei la opp dette prosjektet vart all vanleg undervisning fjerna frå planen den veka då musikalen skulle framførast. Då fekk alle elevane konsentrere seg fullt og heilt om prosjektet, og alle kunne vere til stades ved dei prøveforestillingane som skulle gjenomførast utan at ein måtte tenke på andre gjeremål det kunne kollidere med. Då dette kunne gå på kveldstid var det også berre rett og rimelig at elevane ikkje måtte vere på skulen å ha undervisning på dagen, for så å jobbe skift nummer to om kvelden.

    Det du seier om å setje saman grupper som har like forutsetningar er kjempeviktig, men kanskje likevel litt "Tabu", eller "Fy-fy" å snakke om. Når ein lagar grupper må ein ta hansyn til at nokre elevar ikkje går overeins. Ein må ta hensyn til at nokre elevar ikkje yt like mykje som dei andre. ( kan ha mange grunnar, alt frå diagnoser, til god gammaldags skulk og mangel på motivasjon.).

    Ein må ta hensyn til at nokre elevar er flinke å organisere, og gi andre på gruppa oppgåver. Så å finne ein slik person til kvar gruppe er ein fordel. Men samtidig må ein passe på at desse organisatorane ikkje blir "sjefen" i alle gruppearbeid. Det må vere sånn at andre også får prøve å lede av og til.

    Elevar som yt lite til gruppa, må helst hamne i lag med andre elevar som er flinke til å oppmuntre denne eleven til å bidra der dei har evner til det.

    Det som kanskje er mest Tabu å snakke om i slike samanhengar er om ein kan samle dei beste og dei dårlegaste på kvar sine grupper. Det er mange grunnar som kan tale for dette, i forhold til å gje tilpassa opplæring til dei flinke og dei "mindre flinke" elevane på deira nivå. ( i deira nærmaste utviklingssone). og sjølvsagt vil flinke elevar fungere best saman med andre flinke elevar som ligg på same høg nivå.

    Ja, dette var ei "heit potet" eg berre fekk lyst å slenge inn i debatten ;)

    Eg trur at til sist er det læraren sin personlege kjennskap til kvar enkelt elev og korleis dei fungerar i det sosiale-nettverket som klassa er, som vil gje grunnlaget for å setje i hop gode grupper i ei klasse. Når dette er sagt kan eg konkludere med at gruppearbeid så tidleg i året at læraren ikkje kjenner elevane, kan være rein "gambling", men det er klart at om ein finn ut kven som fungerar bra i lag, og kven som fungerar dårlig, så har ein mykje kunnskap å byggje neste gruppearbeid på.

    SvarSlett